torsdag 11. mars 2010

Onsdag veke 1

I dag har vi laga digitale tankekart i mindomo på nettet. Dette var mykje kjekkare enn å lage tankekart på papiret. Det var også lettare å pynte og lage tankekartet fint. Eg prøvde å skrive inn det eg veit om ANT og det eg skal skrive faktasetningar om i gruppa mi. Var litt plukk å finne ut av korleis eg skulle lage nye ruter, men det gikk fint etter kvart. Var kjekt å sitte saman å gjere dette. Då lærte vi av kvarandre. Eg delte også tankekartet mitt med ei venninne, men det fungerte ikkje så bra å skrive i det samtidig:(

Engelsktimen var litt uvanlig. Såg litt filmer frå youtube og hørte på korleis ein uttaler ulike ord innafor temaet ANT. Var mykje slangord.

Mandag veke 1

Vi har i dag starta med 2 veker med prosjekt om ANT. Eg trur det vil bli litt rart å bruke blogg i undervisninga. Vi har ikkje gjort det før. Det kan bli intressant å sjå kva dei andre elevane har gjort kvar dag og sjå kva dei meinar om ulike emne innafor ANT. ANT står for alkohol, narkotika og tobakk.

Filmen vi såg i dag var sånn passe. Er overraska over kor lett det er å begynne å røyke. Er kanskje litt skremt over kva som skjer når ein er på fest. Er litt annleis enn å vere på bursdagsfest med dei i klassa. Når ein bytter ut brus med alkohol blir festen ein heilt anna, og personane forandrer seg veldig. Men det ser litt spennande ut også å prøve det!