torsdag 11. mars 2010

Mandag veke 1

Vi har i dag starta med 2 veker med prosjekt om ANT. Eg trur det vil bli litt rart å bruke blogg i undervisninga. Vi har ikkje gjort det før. Det kan bli intressant å sjå kva dei andre elevane har gjort kvar dag og sjå kva dei meinar om ulike emne innafor ANT. ANT står for alkohol, narkotika og tobakk.

Filmen vi såg i dag var sånn passe. Er overraska over kor lett det er å begynne å røyke. Er kanskje litt skremt over kva som skjer når ein er på fest. Er litt annleis enn å vere på bursdagsfest med dei i klassa. Når ein bytter ut brus med alkohol blir festen ein heilt anna, og personane forandrer seg veldig. Men det ser litt spennande ut også å prøve det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar